Barneverninstitusjonar

Bufetat har tilbod om institusjonsplassar. Vi godkjenner òg private og kommunale barneverninstitusjonar.

Det finst ulike typar barneverninstitusjonar i Noreg og dei fleste er innretta mot ungdom. Barn under 12 år vert som regel plassert i fosterheim.

Drift av barneverninstitusjonar

Barneverninstitusjonane i Noreg blir drivne av det offentlege (Bufetat og kommunane), ideelle organisasjonar og andre private aktørar. I desember 2009 var det omlag 1 780 plassar i 174 barneverninstitusjonar.

Se alle barneversinstitusjonar

Akutt- og utgreiingsinstitusjonane

Akutt- og utgreiingsinstitusjonane er tilbod for barn og unge som treng hjelp og tiltak på kort varsel. Bakgrunnen for slike plasseringar er ulike former for kriser. Akutt- og utgreiings­institusjonane er for korttidsopphald med tanke på å finne ut kva som er best for barnet eller den unge på lang sikt.

Institusjonar for ungdom

Institusjonar for ungdom tek imot unge i alderen frå 12 til 18 år. Nokre tilbyr korttidsopphald, medan andre er utforma for lengre opphald. Dei sistnemnde har ofte eigne hyblar eller husvære der ungdommane bur i den siste fasen av opphaldet. Barneverninstitusjonane engasjerer seg også i ettervern for ungdommane.

Nokre barneverninstitusjonar er for ungdommar med alvorlege åtferdsvanskar, medan andre er for ungdommar som, av ulike årsakar, ikkje kan bu heime hjå foreldra eller i ein fosterheim. Medan ungdommane bur på barneverninstitusjonen deltek dei i dagleglivet på institusjonen, går på vanleg skole og deltek i fritidsaktivitetar. Dei fleste har kontakt og samvær med eiga familie.

Søkje om institusjonsplass

Gå til skjema for søknad om bistand frå Bufetat.


Publisert: 7. desember 2009Sist oppdatert: 5. november 2010

Finn kontor