Dagleglivet på Kollen

På Kollen legg vi til rette for ein aktiv kvardag med varierte aktivitetar. Gjennom aktivitetar finn vi tid til gode samtalar og positiv samhandling. Mestring og nye ferdigheter står sentralt.

Kollen Ungdomsbase har tre hovedreglar; nei til rus, kriminalitet og vold/truslar.

Dette er viktige reglar både for den einskilde ungdom og for at andre skal kunne kjenne seg trygge og trivast.

Elles har vi generelle husordensreglar som seier noko om kva forventingar vi har til orden og oppførsel når mange ulike ungdommar er samla i ein institusjonen.

Alle ungdommar har 2 hovedkontakter som følg opp den enkelte ungdom spesielt. Hovedkontaktene har mellom anna spesielt ansvar for oppfølging av økonomi, innkjøp av klede og utstyr, deltaking på møter, plan for opphaldet, tilbakemeldingar til andre vi samarbeider med og kontakt med foreldre.

Å bu på institusjon er ikkje heilt likt det å bu i ein familie. Likevel har vi rutiner som er vanlege i mange andre heimar; stå opp, felles frokost kl.07.30, skule eller arbeid, felles middag, avslapping, lekselesing, møtetider mellom vaksne og ungdom, ulike plikter, gjeremål og aktivitetar inne og ute av huset og felles kveldsmat før leggetid seinast kl.23.00 (avhengig av alder).

Alle ungdommar har kvar sitt rom med eige bad.

I tillegg til daglege oppgåver som lekser og romrydding, må alle vaske sitt eige rom og hjelpe til med vanlig husarbeid.

Husa på Kollen

Vi har TV, Playstation og PC på stua i tillegg til hobbyrom for ulike aktivitetar. Torsdagar er det fast filmkveld på Kollen. Då samlast vi i stua til film og god mat. Kvart år i desember sett vi av ei heil helg til juleverkstad.

 Kvar måndag ettermiddag er sett av tilfellesaktivitar som ballspel, klatring, symjing, biljard og turgåing.

Vi har ein liten verkstad som kan brukast til mellom anna mekking og trearbeid.

Av friluftsutstyr har vi mellom anna fleire telt og lagstelt til 8 personar, fiskestenger, truger, redningsvestar, ski, skøyter og ulike spel.
Vi har og ein eigen båt som vi brukar mykje om sommaren.
Båten er ein Buster 16-fots aluminiumsbåt med 50HK påhengsmotor. 

Hytta på Ørskogfjellet

Ikkje langt frå institusjonen har vi eiga hytte som kan brukast til kos og avslapping eller som eit utgangspunkt for tur- og skigåing.

Elles har vi i løpet av året faste helge-turar til alpinanlegg for å gå/stå på ski eller til hytte ved vatn og hav for å oppleve sjø, fugle- og dyreliv.

Av og til har vi turar berre for jenter eller berre for gutar.

Ei veke kvart år i slutten av juni, reiser alle ungdommane saman med vaksne på  sommarferietur. Dei siste åra har vi reist til Sverige.

Vi opplever å ha eit godt forhold til frivillige organisasjonar, næringsliv, kommunale etatar og nabolaget. Ungdommane vert godt mottekne av lærarar og elevar i skulen, næringslivet er positive til å gje ungdommane praksisplass, idrettslaget og kulturskule o.l. tek godt imot våre ungdommar.
Naboar vert ikkje forstyrra eller plaga av bråk og uro.

 


Publisert: 7. mars 2011Sist oppdatert: 7. mars 2011