Målet med å bu på Kollen

Etter barnevernslova skal institusjonen gje ungdommane omsorg, opplæring og behandling. Tilsette si hovedoppgåve er å tilby ein tydeleg, gjentakande og stabil struktur og truverdige relasjonar.

Dei fleste som jobbar ved Kollen Ungdomsbase har 3-årig høgskuleutdanning; mellom anna barnevernpedagogar, sosionomar, vernepleiarar, lærarar og sjukepleiarar. Andre tilsette har mange års erfaring frå arbeid med ungdommar.
Etter barnevernslova skal institusjonen gje ungdommane omsorg, opplæring og behandling. Tilsette si hovedoppgåve er å tilby ein tydeleg, gjentakande og stabil struktur og truverdige relasjonar. Dei vaksne ved Kollen likar å vere saman med ungdommar og med sin kunnskap og si erfaring skal dei vaksne legge til rette for at ungdommane skal kunne jobbe med si eiga endring og utvikling.

Vaksne ved Kollen skal gje omsorg, støtte og hjelp slik at ungdommane skal kunne få muligheit til å flytte tilbake til eigen familie, i fosterheim eller på eigen hybel.
Kollen Ungdomsbase har ei oppfølgingsavdeling med eigne tilsette som kan følgje opp ungdommar som flyttar ut frå institusjonen. Dette kallar vi ettervern.

 

Kollen om verdiar:

I verdigrunnlaget er vi opptekne av å sjå problemet og ikkje problembarnet. Vi har eit positivt menneskesyn og meiner at det ikkje finst håplause menneske, berre vanskelege situasjonar. Verdigrunnlaget bygg vidare på at

  • Mennesket påverkar og vert påverka og endre i samspel med omgjevnadane sine
  • Alle menneske har høve til endring
  • Mennesket er sosialt
  • Mennesket er eineståande
  • Familien er alltid viktig og grunnleggjande for vår identitet


 


Publisert: 9. mars 2011Sist oppdatert: 9. mars 2011