Ungdommane på Kollen
Kollen Ungdomsbase si målgruppe er ungdom i alderen 13-18 år. Institusjonen skal drivast i samsvar med Lov om Barnevernstenester og skal i tillegg til § 4-12, ta mot ungdommar etter dei såkalla tvansparagrafane - §§ 4-24, 4-25 og 4-26 i Lov om Barnevernstenester. (§ 4-4, 5.ledd)
Kollen Ungdomsbase tek imot ungdommar etter søknad frå kommunane. Ungdommane er gutar og jenter i alderen 13 – 18(20) år med ulike problem, ressursar og hjelpebehov. Ungdommane bor på Kollen frå nokre månader til eit par år. Vi er opptekne av at ungdommane ikkje bør vere for lenge i institusjon då ein ser at dette ofte fører til ein tilbakegang i utvikling. Ungdommane er plassert etter Lov om barneverntenester. Ungdommane har ulike problem og ressursar og Kollen er opptekne av å tilrettelegge kvardagen ut frå den einskilde ungdom sine behov. Desse behova kan omfatte eit eller fleire område som er nevnt i seigmannen under:
Kollen om brukarmedverknad:
Brukarmedverknad handlar om deltaking og muligheit til å påverke sitt eige liv. Ungdommane har rett til å uttrykke seg og bli høyrt, men skal likevel ikkje måtte ta ansvar dei ikkje er rusta til å ta. ”Children must be given their say, but they do not always have to be given their way” Det er dei vaksne som har ansvaret for å sjå heilheita og må bruke si vurderingsevne slik at barn og unge også kan sleppe å bestemme/medvirke. Deltaking og påverknad må sjåast opp mot andre rettar som behovet for tryggleik og trivsel for alle. Vi meiner at brukarmedvernad i første rekkje handlar at vaksne og ungdommar har ein god dialog og eit godt samarbeid i det daglege. Elles deltek ungdommane mellom anna i inntaks- og ansvarsgruppemøter, planleggings- og gruppemøter, planarbeidet for opphaldet, samvær med foreldre, slekt og venner, planlegging av turar og fritidsaktivitetar.
Publisert: 11. oktober 2010Sist oppdatert: 11. november 2010