Oppfølgingsavdelinga

Mange ungdommar treng oppfølging også etter at det ordinære institusjonsopphaldet er over. For å tilby vidare hjelp har Kollen ei eiga Oppfølgingsavdeling. Denne avdelinga benyttar seg av 3 treningshyblar som er plassert på Kollens område samt at dei kan tilby oppfølging både i familie, forsteheim og i eigen hybel/husvære.

Oppfølgingsavdelinga tilbyr relevant botrening i eiga leilighet. Ettervern er eit satsingsområde for Kollen Ungdomsbase.

Mange ungdommar treng oppfølging også etter at det ordinære institusjonsopphaldet er over. For å tilby vidare hjelp har Kollen ei eiga Oppfølgingsavdeling. Denne avdelinga benyttar seg av 3 treningshyblar som er plassert på Kollens område samt at dei kan tilby oppfølging både i familie, forsteheim og i eigen hybel/husvære. Alle ungdommar har rett på oppfølging frå barnevernet fram til fylte 23 år. Vi på Kollen meinar vi er godt rusta til å gi ungdommar ettervern, og vi er svært fleksible på kva hjelp vi kan tilby.

Oppfølgingsavdelinga har eigne ansatte, og det er ei svært mobil avdeling som kan tilby hjelp over eit stort geografisk område.

Vi satsar på og ser det som svært verdifullt å ha eit tett samarbeid med både skule, arbeidsplass, nav, psykiatri og andre viktige samarbeidspartar. Dette for å gi så god og målretta hjelp som mogleg.


Publisert: 9. mars 2011Sist oppdatert: 9. mars 2011