Samarbeid med andre
Vi er opptekne av å ha eit godt samarbeid med foreldre og andre viktige vaksne i livet til ungdommane. Dei fleste ungdommar har planlagte heimreiser til familien sin.
Vi vil gjerne at foreldre og familie kjem på besøk og har 2 små leiligheiter for overnattingsbesøk.
Det er viktig at ungdommen ikkje skal miste kontakt med positive venner eller vaksne som ofte finst i heimemiljøet. Etter avtale med foreldre og barnevernteneste, kan positive venner kome på avtalte besøk og ungdommar kan gjere avtalar om å reise på besøk til andre enn familie.
Alle ungdommar skal ha eit skule- eller dagtilbod.
Helland barne- og ungdomsskule er vår lokale skule og vår viktigaste samarbeidpart. Skulen har tilsett ein spesialpedagog som har eit spesielt ansvar for ungdommar i grunnskulealder som bur ved Kollen Ungdomsbase.
Mange av ungdommane som kjem til Kollen har ei problematisk skulehistorie. I starten av opphaldet kan ungdommane derfor få tilbod om tilrettelagt undervisning i mindre grupper ved Vestnes ressurssenter.
Etter ein kortare eller lengre periode med fagleg ”påfyll” ved ressurssenteret, vert elevane heilt eller delvis overført til vanleg klasse ved Helland skule.
Det er ein vidaregåande skule i Vestnes kommune og fleire vidaregåande skular i Molde.
Institusjonen samarbeider mellom anna med opplæringskontoret/fylke og NAV lokalt om alternativ opplæring/arbeidstilbod for ungdom som ikkje vil nytte retten sin til vidaregåande opplæring.
Institusjonen har samarbeid med pedagogisk-psykologisk teneste i Vestnes, psykisk helsevern for barn og unge (Bup) i Molde og rusteamet i Molde.
Publisert: 9. mars 2011Sist oppdatert: 9. mars 2011