Volda er ein flott stad som ligg mellom fjordar og høge fjell, dei kjende Sunnmørsalpane. Her er også eit mangfald av fritidstilbod som fotball, handball, volleyball, kor, korps, ski, trial, svømmehallar, klatrehall, kommunal kulturskule, kommunal fritidsklubb m.m. På Sunnmørsheimen bur det ungdommar i alderen 12 -18 år. Det vil seie at nokre av våre ungdomar høyrer til i grunnskulen, Volda Ungdomsskule.
På langtidsavdelinga kan det bu inntil 8 ungdomar. Alle har sitt eige rom. Kvar enkelt får ei særkontakt som jobbar for ungdommane sine interesser.
Ved Sunnmørsheimen si akuttavdeling kan det bu inntil 4 ungdomar.
Ungdommane som kjem til oss befinn seg i ein vanskeleg situasjon og treng endring i livet sitt. Opphaldet hjå oss kan vere utviklande, og vi legg vekt på kontakt med familie, nettverk(slekt) og nærmiljø.
Sunnmørsheimen er opptekne av at dei som bur her skal kunne ha besøk av familie, nettverk(slekt) og vennar.
Samarbeid med skule og arbeidsliv er noko det vert jobba mykje med. Dette for å sikre ungdomane god utvikling og god oppfølging av dagtilbodet. Alle skal ha eit dagtilbod.
Vi legg vekt på at ungdomane skal få drive med ulike aktivitetar under opphaldet.
Sunnmørsheimen gir eit tilbod til jenter og gutar frå 12 til 18 år. Vi har både krise/akutt og langtidsavdeling. Vi som jobbar her har brei kompetanse og erfaring.
E-post: sunnmorsheimen@bufetat.no
Telefon: 466 17 320
Telefaks: 70 05 50 60
Postadresse: Postboks 224, 6101 Volda
Besøksadresse: Sjukehusvegen 6, 6100 Volda
Kart
Kontaktopplysninger:
Leiar Ingelin Fagervoll, tlf. 466 17 668
Tilgjengelighet for personer med funksjonsnedsettelse: