Senteret har 2 seksjonar, eine med heimebaserte tenester med stort fokus på ART og PMTO, den andre er institusjonen Miljøheimen. Vi har og 3 familieheimar.
Miljøheimen er ein langtidsinstitusjon med 5 plassar for ungdom frå 13-18 år. I tillegg til institusjonen har vi ein hybel som ligg ca 15 minuttars gange frå institusjonen. Den blir bruka av ungdom som framleis er innskriven ved institusjonen, men som ynskjer og er klare for å prøve å bu aleine.
Institusjonsbaserte familieheimar gjev tilbod til ungdom som treng omsorg og behandling utanfor eigen heim og der kommunale ordinære fosterheimar ikkje er aktuelle. Senteret har 3 familieheimar og aldersgruppa for ungdom plassert i familieheim er 13-18 år.
Målgruppa for den heimebaserte miljøterapien er ungdom mellom 13-20 år som har utvikla eller held på å utvikle åtferdsvanskar som skuleskulk, kriminalitet, konfliktar med foreldre og andre vaksne.
PMTO er eit foreldrerettleiingsprogram for foreldre og barn som av ulike årsaker er komen i vanskelege og negative samspelsmønstre. Tilbodet er for familiar med born i alderen 4-12 år. VTBufs har tilbod om PMTO til familiar i Vinje, Tokke, Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal og Tinn.
E-post: vest-telemark.barneungdomsogfamiliesenter@bufetat.no
Telefon: 466 17 760
Telefaks: 35 07 11 11
Postadresse: Postboks 2, 3890 Vinje
Besøksadresse: Verkstadvegen 8, 3890 Vinje