Familieheimar
Institusjonsbaserte familieheimar gjev tilbod til ungdom som treng omsorg og behandling utanfor eigen heim og der kommunale ordinære fosterheimar ikkje er aktuelle. Senteret har 3 familieheimar og aldersgruppa for ungdom plassert i familieheim er 13-18 år.
Ungdom som bur i familieheim går på skule eller har anna dagtilbod i nærleiken av familieheimen. Dei skal og ha moglegheit til å delta på fritidsaktivitetar og skal deltake i familielivet akkurat som dei andre familiemedlemmane. I dei aller fleste tilfella skal ungdommen ha kontakt med foreldre og familien sin medan han/ho bur i familieheimen. Dette kan vere helgebesøk, feriar og liknande.
Tiltaket gjeld for eksempel ungdom med alvorlege åtferdsproblem, samansette vanskar, lærevanskar, tilknytingsforstyrrelser, psykiske og organiske lidingar og som treng behandling og dei rammer som desse heimane kan tilby saman med institusjonen sine ressursar.
Familieheimstiltaket er et langtidstiltak, dvs. at ungdommen kan vere i familieheimen i fleire år. Dei fleste ungdommane flytter etterkvart heim til foreldre/føresette, eller til eigen bustad.
Det er ein av dei vaksne i familieheimen som har dette som sitt hovudarbeid, og den skriv avtale med Bufetat og får rettleiing av ein ansett ved Vest-Telemark barne-,ungdoms- og familiesenter.
Publisert: 8. mars 2011Sist oppdatert: 8. mars 2011