Miljøheimen
Miljøheimen er ein langtidsinstitusjon med 5 plassar for ungdom frå 13-18 år. I tillegg til institusjonen har vi ein hybel som ligg ca 15 minuttars gange frå institusjonen. Den blir bruka av ungdom som framleis er innskriven ved institusjonen, men som ynskjer og er klare for å prøve å bu aleine.
Eget rom
På institusjonen får du eiget rom, men det kan hende du må dele bad med andre. Der er ei peisestove med TV/DVD og ein PC du kan bruke innanfor visse tider. Du kan også ha med deg eigen PC om du har, det er trådlaust nettverk på alle rom som er opent frå 14.00- 22.00 kvar dag. I enkelte tilfelle kan personalet bestemme at du ikkje får ha tilgang til internett. Du får også ha med din eigen mobiltelefon, men av og til må miljøpersonalet take vare på den dersom du vert forstyrra av den t.d. om natta. Vi har også ein telefon som ungdommane kan benytte.
Besøk
Du kan ha besøk av venner, men du må gjere avtale med dei vaksne som jobbar der før du får besøk. Barneverntenesta i kommunen din lagar ein besøksplan i høve til besøk til familien din, eller besøk av familien din på institusjonen. Dei som jobbar på Miljøheimen hjelper deg med transport dersom det ikkje er mogleg å ta buss.
Fritidsaktivitetar
Aktivitetar står sentralt i behandlinga på Miljøheimen. På vinteren blir fleire helger og ettermiddagar bruka i eit av dei tre alpinsentera på Rauland. Resten av året er det mange som driv med fisking, fotball, turar og lignende. Institusjonen har nokre kajakkar og ein egen båt med påhengsmotor. Avstanden til alpinbakker, skiløyper, ridesenter, skog og fjell bare ein kort biltur unna.
Dagtilbod
Det er eit mål at alle våre ungdommar skal ha eit dagtilbod i form av skule eller arbeid frå dei flytter inn. Det går skulebuss til vidaregåande skular, Vest-Telemark vgs eller Bø vgs, avdeling Seljord, og institusjonen samarbeider godt med dei aktuelle skulane.
I sentrum
Institusjonen ligg sentralt i Åmot sentrum med gåavstand til grunnskule, butikkar, bibliotek, kafé, symjebasseng, fotballbane, fleirbrukshus og liknande. På institusjonen er det til ein kvar tid 3 miljøterapeutar på jobb. Desse er på jobb i 2-3 døgn om gongen, og har så ei veke fri.
Målretta miljøterapi
Den sentrale metoden det blir jobba etter på Miljøheimen er målretta miljøterapi, med systemisk evaluering av kvart enkelt mål og med mindre delmål som er fordelt i 14-dagars planar. I denne metoden er det viktig at alle rundt ungdommen og ungdommen sjølv er med på behandlinga. Derfor tar miljøpersonal kontakt med familien rundt ungdommen anten før ungdommen flytter inn, eller kort tid etterpå, og vi held kontakt med dei aktuelle under heile opphaldet. Vi tar bare kontakt med dei som du og dine foreldre har gjeve oss skriftleg løyve til å kontakt.
Publisert: 9. mars 2011Sist oppdatert: 9. mars 2011