Om hjelpetilbodet på krisesentra
Det finst 51 krisesentre fordelt på alle fylke i landet. Dei fleste er døgnåpne, og alle skal vere tilgjengelege heile døgnet.
Krisesentertilbodet skal vere lagt til rette for alle aktuelle brukargrupper, inkludert personar med nedsett funksjonsevne, utsette med etnisk minoritetsbakgrunn og barn som kommer i følgje med omsorgsperson.
Opne for alle
Sentra er opne for alle som treng dei, uavhengig av verdi- eller livssyn. Det er ikkje nødvendig med tilråding frå lege for å oppsøkje krisesenteret.
Anonymitet
Brukarane har rett til å vere anonyme overfor kvarandre, og dei tilsette ved senteret. Dagleg leiar skal likevel vite kven alle brukarane er. Dei fleste sentra er ikkje underlagde lovverk om teieplikt, men legg stor vekt på den sjølvpålagde teieplikta til medarbeidarane, noko som er med på å opprette eit tillitsforhold mellom brukaren og senteret.
Samtale- og sjølvhjelpsgrupper
Under opphaldet får brukarane hjelp til å kontakte ulike delar av hjelpeapparatet, og dei får hjelp til eventuelt å etablere seg på nytt. Ein del av sentra har utvida hjelpetilbodet med samtale- eller sjølvhjelpsgrupper. Enkelte senter har barnearbeidarar som syter for aktivitetstilbod og eventuelt spesiell hjelp til barna, men det føreset at brukarane tek vare på eigne barn medan dei bur på senteret.
Formidlar kontakt med eksterne fagfolk
Dei fleste krisesentra har faste avtalar med eksterne fagfolk som kan kontaktast når det er behov for det. Det kan vere folk med helsefagleg utdanning, pedagogar, tolkar og så vidare. Sentra samarbeider òg med offentlege og private hjelpeinstansar som politi, sosialkontor, familievernkontor, barnevern og liknande.
Butilbodet til krisesentra er mellombels, og mange set ei grense for opphaldet på rundt tre månader. Kor lenge opphaldet varer, kjem an på bustadmarknaden eller kommunale tilbod om overgangsbustad.
Meldeplikt til barnevernet
Krisesentra har opparbeidd ein omfattande kunnskap om og erfaring med vald mot kvinner i nære relasjonar. Sentra nyttar denne kunnskapen til informasjonsverksemd, politisk påverknad og arbeid for å betre kunnskapen i det ordinære hjelpeapparatet om situasjonen til valdsutsette kvinner.
Medarbeidere ved sentre som vert drivne av det offentlege har meldeplikt til barnevernet etter lov om barnevernstjenester § 6-4. Medarbeidere ved private krisesentre har meldeplikt til barnevernet etter lov om barnevernstenester § 6-4 a. Brukarane skal underrettast om opplysningsplikta.
Meir informasjon?
Treng du meir informasjon om krisesentra kan du tinge brosjyren "Krisesenteret - et tilbud til deg?" som finst på 25 språk og er gratis mot at adressaten betaler porto. Den kan tingast på e-post post@norskkrisesenterforbund.no frå Norsk Krisesenterforbund.
Publisert: 30. november 2009Sist oppdatert: 14. desember 2009