SAMLIVSTILTAK

Samlivstiltak

Målsettinga med tilskotsordninga er å stø opp om samlivet i parforhold og å styrkje samlivsforhold med sikte på å skape gode relasjonar og førebyggje familie- og samlivsoppløysing. Ei viktig målsetjing er å skape ein trygg og stabil oppvekst for barna. Styrking av foreldresamarbeid etter samlivsbrot og av samliv i utradisjonelle samlivsformer ligg også innanfor føremålet for tilskotsordninga.

I 2013 er det sett av 3,627 millionar kroner til tilskotsordninga.

Søknadsfrist 2013

Søknadsfrist for tilskot i 2013 er 27. mars 2013. Søkjarar må setje seg inn i retningslinene for tilskotsordninga.

Kven kan søkje?

Organisasjonar (ikkje forretningsmessige) kan søkje om tilskot.

Kva kan det søkjast om stønad til?

  • Tilskot til lokale samlivskurs
    Det kan søkjast om tilskot til å halde førebyggjande samlivskurs. Kursa må ta opp "vanlege" problem i parforhold (ikkje terapi eller behandling). Ei målsetting er å skapa ein trygg og stabil oppvekst for barna. Kursa skal appellere til både kvinner og menn. Det er også rom for å gje stønad til tiltak som er retta mot familiar med høgt konfliktnivå.

  • Tilskot til utviklingstiltak på samlivsområdet
    Det kan søkjast om tilskot til utvikling av nye metodar og tiltak, og til organisering, etablering og spreiing av tilbodet. Vidare til styrking av fagleg kvalitet, utvikling av materiell, kursleiaropplæring m.m. 
Publisert: 10. november 2009Sist oppdatert: 11. desember 2009