Program for helsestasjon

Oversikt over opplæringstilbod.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Helsedirektoratet har utarbeidd nytt materiell for helsestasjon som kan nyttast til å arbeide med samspel mellom foreldre og barn. Materiellet vert nytta som utgangspunkt for samtale mellom far/mor og helsesøster. Det er utarbeidd eit tekstark for dei fleste konsultasjonane frå barnet er nyfødt til det er fire år. Materiellet høver både til bruk i enkeltkonsultasjonar og gruppeverksemd.  Materiellet erstattar helsestasjonspermen «Sammen foreldre og barn» av Frode Heian frå 1995. Den nye permen og arka er i mindre format og har nye fargar og layout. Materiellet har vore til utprøving på utvalte helsestasjonar i ulike kommunar og deretter justert i høve til tilbakemeldingane.

Materiellet kan ikkje tingast via nettet, ta kontakt med farahnaz.rastegar@bufdir.no  for tinging eller spørsmål om opplæring.

For å ta i bruk materiellet må helsesøster ha ein dag opplæring i bruken av materiellet, eller vere sertifisert rettleiar i ICDP-programmet. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har ansvar for gjennomføring av opplæringa, og i løpet av 2011 vil helsestasjonane i dei fleste fylka ha fått tilbod om slik opplæring. Opplæringa er godkjent av Norsk Sykepleierforbund som meritterande for godkjenning til klinisk spesialist i spesialsykepleie.

Opplæring

Det er gjennomført opplæring i Troms, Oppland, Hedmark, Buskerud, Akershus, Østfold, Vestfold, Vest-Agder, Aust-Agder,  Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Rogaland, Finnmark, Møre og Romsdal, Telemark, Sogn og Fjordane, Nordland,  Bergen kommune og Oslo kommune.

Det er førebels ikkje konkrete planar om opplæring, men Hordaland vil truleg få tilbod om opplæring i 2012. Vi ber også om å få tilbakemelding dersom det er behov for opplæring i andre fylke. Kontakt farahnaz.rastegar@bufdir.no .


Publisert: 9. juni 2011Sist oppdatert: 9. juni 2011