ICDP-programmet

Opplæring og sertifisering.

ICDP-programmet er eit ressurs- og relasjonsbasert program, der ein har fokus på foreldra sin empatiske identifikasjon med barnet og på barnet sine behov for tilknytning, rettleiing og regulering. Programmet er utvikla i Noreg av professor emeritus Karsten Hundeide og professor emeritus Henning Rye ved Universitetet i Oslo.

Programmet er enkelt og nyttast i det helsefremmande og primærforebyggande arbeidet, men er også vidareutvikla slik at det kan nyttast i høve til målgrupper med særskilte utfordringar. Programmet er gruppebasert, og vert nytta både for foreldre og for omsorgsgjevarar i til dømes barnehage. Det finst deltakarbevis for foreldre og andre omsorgsgjevarar som har delteke i gruppe. Sertifiserte rettleiarar kan få slike deltakarbevis hos kontaktpersonen i sin kommune eller hos grete.flakk@bufdir.no.

ICDP-programmet for foreldre med minoritetsbakgrunn

Programmet er tilpassa familiar med minoritetsbakgrunn og har vore prøvd ut som pilotprosjekt i perioden 2003-2005. Frå 2006 vert tilbodet gjennomført som ordinært program og vert spreidd til fleire sentrale kommunar.

Det vert arbeidd med å gjere foreldra medvitne på eigne kulturelle verdiar og måtar å gje omsorg til barn, samtidig som ein fokuserer på å skulle utøve desse verdiane her i Norge.

Foreldra samlast i grupper for å samtale og utveksle erfaringer. Gruppene vert leia av to rettleiarar: ein som tilhøyrer same etniske gruppe som deltakarane, samt ein norsk rettleiar. Samtalane foregår i hovudsak på deltakarane sitt morsmål. Samtaleheftet som vert nytta i gruppene, 8 tema for godt samspel, er omsett til 12 ulike språk.

I "Regjeringens handlindsplaner 2008-2011 mot tvangsekteskap og kjønnslemlestelse" er det også lagt inn som eige tiltak at desse temaene skal innarbeidast i Program for foreldrerettleiing for minoritetsfamiliar.

Tiltaka mot kjønnslemlesting og tvangsekteskap skal også sjåast i samanheng med "Handlingsplan mot Vold i nære relasjoner". Tiltaka inneber mellom anna at rettleiarane i minoritetsprogrammet skal ha kompetanse til å vere i dialog med foreldra om desse temaene. 

Sidan hausten 2008 har det vore gjennomført slik kompetanseheving for alle sertifiserte rettleiarar i minoritetsprogrammet. Frå og med 2011 er temaene del av den ordinære rettleiaropplæringa i minoritetsprogrammet.

Sertifisering

Sjå krav til sertifisering som rettleiar i ICDP-programmet.

Opplæringstilbod

Sjå oversikt over kven som kan gje tilbod om rettleiaropplæring.

Oversikt over kommande tidspunkt for opplæring:

Fauske kommune

Opplæring i basisprogrammet startar for Fauske kommune i januar 2012. Kontakt Bufetat, Storåsen barne- og familiesenter ved merete.einmo@bufetat.no eller mette.mula@bufetat.no for meir informasjon om oppstartstidspunkt.

Frosta kommune

Opplæring i basisprogrammet startar 15. og 16. mars 2012. Kontakt Bufetat ved gunn.elin.hansen@bufetat.no .

Sunnmøre

Opplæring i basisprogrammet startar 29. februar og 1. mars i Ålesund. kontakt Bufetat fagteam Sunnmøre ved Tina Vestre, tina.vestre@bufetat.no , eller Gro Nærø, gro.naro@bufetat.no , for nærare informasjon.

Grimstad kommune

Det startar ny rettleiaropplæring i regi av Grimstad familiesenter 5. og 6. september. Kontakt hanne.johnsen@grimstad.kommune.no for nærare informasjon.

Bergen

Det startar ny opplæring i basisprogrammet i regi av Bufetat, fagteam Bergen, 29. og 30. mai. Kontakt vibeke.heitmann@bufetat.no for nærare informajon.

Det vert også sett i gong opplæring i minoritetsprogrammet i Bergen i november, i regi av Bufetat, fagteam Bergen og RVTS vest. Opplæringsdatoar 1. og 2. november, 28. og 29. november 2012 samt 17. og 18. januar 2013. Kontaktperson vibeke.heitmann@bufetat.no .

Fagteamområde Kongsberg

Det er planlagt opplæring i basisprogrammet hausten 2012. Kontakt inger.lise.lunde@bufetat.no eller hildegunn.skinnes@bufetat.no for nærare informasjon.

 

 


Publisert: 18. november 2009Sist oppdatert: 9. desember 2009

Relatert innhold

ICDP Norge