Krav til sertifisering som rettleiar i ICDP-programmet

For å kunne nytte ICDP-programmet i praksis med foreldre, må du vere sertifisert som ICDP-rettleiar. Der er ulike krav til sertifisering i basisprogrammet, minoritetsprogrammet og for tilsette i fengsel.

Basisprogrammet

2 + 2 dagar teoretisk og praktisk opplæring

Oppgåve mellom dei to bolkane med utprøving av eige samspel med barn - videoopptak

Gjennomføring av sjølvtrening med gruppe av omsorgsgjevarar - minimum 8 møte med foreldre og minimum 6 møte med andre omsorgsgjevarar (t.d. tilsette i skule, barnehage eller SFO)

Innlevering av logg frå sjølvtreninga

Deltaking på to halve dagar rettleiing i løpet av sjølvtreningsperioden

Minoritetsprogrammet

2 + 2 + 2 dagar teoretisk og praktisk opplæring

Oppgåve mellom dei to første bolkane, utprøving av eige samspel med barn - videoopptak

Gjennomføring av sjølvtrening med gruppe av omsorgsgjevarar  - minimum 12 møte

Innlevering av logg frå sjølvtreninga

Deltaking på 3 heile dagar rettleiing i løpet av sjølvtreningsperioden

Rettleiaropplæring for tilsette i fengsel

Her er det dei same krava som for basisprogrammet, men der er 2 + 3 dagar teoretisk og praktisk opplæring i staden for 2 + 2.


Publisert: 18. november 2009Sist oppdatert: 9. desember 2009