Tilbod til foreldre og andre omsorgsgjevarar

På helsestasjonen får du rettleiing i høve til samspelet med barnet ditt som del av dei vanlege konsultasjonane. Mange kommunar nyttar permen «Saman foreldre og barn» frå Program for foreldrerettleiing når dei samtalar om dette temaet. Ein del kommunar gjev også tilbod til foreldre om å møtast i grupper og samtale om ulike tema, der ICDP-programmet vert nytta.

Foreldrerettleiingsprogrammet har som mål å styrkje omsorga og oppveksten for barn og unge.

Dei aller viktigaste personane for barn og unge si utvikling er foreldra deira. Det er difor viktig at kontakta og kommunikasjonen mellom barn/ungdom og foreldre vert så god som råd. Dette skal programmet hjelpe foreldre med.

Å vere foreldre gir mange gleder og positive opplevingar, men også mange utfordringar. Foreldre er i utgangspunktet ekspertar på sine eigne barn. Likevel veit vi at mange ynskjer å drøfte spørsmål om barna og om foreldrerolla med andre foreldre og med fagfolk.

Foreldrerettleiingsprogrammet skal leggje til rette for at foreldre kan møtast for å ta opp slike spørsmål og utveksle erfaringar. Foreldrerettleiingsprogrammet skal vere eit tilbod til alle foreldre som ynskjer det.

Foreldrerettleiing på helsestasjonen

Helsesøster har som del av sitt arbeidsområde å ta opp spørsmål knytt til samspel med barnet. Til hjelp i desse samtalane har Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet i samarbeid med Helsedirektoratet utarbeidd permen "Sammen foreldre og barn". Permen vert delt ut til foreldra når barnet vert fødd og inneheld eit ark for kvar av konsultasjonane på helsestasjonen til barnet ditt er fire år. Svært mange helsestasjonar i landet har teke dette materiellet i bruk.

ICDP-programmet

Ein annan del av Program for foreldrerettleiing byggjer på ICDP-programmet (International Child Development Programme). Gjennom programmet ynskjer ein å styrkje foreldre si tru på seg sjølv og sine eigne vurderingar gjennom å gjere foreldre medvitne om eigne verdiar og oppfatningar i høve til barna og oppseding, og om korleis desse oppfatningane vert omsett i praksis.

Programmet fokuserer på foreldra sine ressursar, og ikkje på feil og manglar. Tilbod om foreldrerettleiing skjer i hovudsak i grupper. Fagfolk si rolle er å leie gruppa slik at utveksling av erfaringar og synspunkt kan skje på ein god måte. Dei skal ikkje vere ekspertar som skal gje dei "rette" svara eller oppskrifter på korleis ein skal vere foreldre.

Kvar får ein tilbod om foreldrerettleiing?

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet arbeider no med å spreie kompetanse til fagfolk for at dei skal kunne ta i bruk Program for foreldrerettleiing. Det vil ta tid før tilbodet finst i alle kommunar.

Det vil variere frå kommune til kommune i kva for eit tenesteområde ein kan få tilbod om foreldrerettleiing.

Aktuelle instansar kan vere:

  • helsestasjon
  • familiesenter
  • PP-teneste
  • barnevernteneste
  • barnehage
  • skule (i nokre kommunar)

Foreldrerettleiing for foreldre med minoritetsbakgrunn

Programmet er tilpassa familiar med minoritetsbakgrunn og har vore prøvd ut som pilotprosjekt i perioden 2003-2005. Frå 2006 vert tilbodet gjennomført som ordinært program og vert spreidd til fleire sentrale kommunar.

Det vert arbeidd med å gjere foreldra medvitne på eigne kulturelle verdiar og måtar å gje omsorg til barn, samtidig som ein fokuserer på å skulle utøve desse verdiane her i Norge.

Foreldra samlast i grupper for å samtale og utveksle erfaringer. Gruppene vert leia av to rettleiarar: ein som tilhøyrer same etniske gruppe som deltakarane, samt ein norsk rettleiar. Samtalane foregår i hovudsak på deltakarane sitt morsmål.


Publisert: 11. november 2009Sist oppdatert: 14. desember 2009

Kontakt oss

Program for helsestasjon

Spør på helsestasjonen din etter «Sammen foreldre og barn».

ICDP-programmet

Du kan kontakte kommunen din hvis du ønskjer foreldrerettleiing. Sjå oversikt over kommunar som tilbyr foreldrerettleiing etter ICDP-programmet.