Biblioteket rundar 5 000 brukarar
Talet på brukarar av Nasjonalt bibliotek for barnevern og familievern (nbbf) aukar stadig. I mars runda biblioteket 5 000 registrerte brukarar.
I gjennomsnitt har nbbf 450 brukarar i løpet av ei vanleg veke. Og tendensen er at desse brukar stadig meir tid på biblioteket sine sider.
Det mest brukte innhaldet er Gyldendal Rettsdata, som har gode søkemoglegheiter og kommentarutgåver, samt dei to sentrale tidsskrifta ”Norges Barnevern” og ”Fokus på familien”. Andre mykje brukte ressursar er dei nyaste rapportane som biblioteket sender ut nyheitsvarsling om.
Har du problem med å logge deg på, finne rapportar eller fagartiklar, eller har spørsmål til biblioteket, send e-post til bibliotek@bufdir.no
Publisert: 4. mars 2010Sist oppdatert: 4. mars 2010