Feil i Vårt Land

Ein artikkel i Vårt Land 18. november skapar inntrykk av at 6 av 10 barn i barnevernet bur på institusjonar drive av kommersielle aktørar. Dette stemmer ikkje.

Per 31. august 2010 budde 1078 barn på barneverninstitusjon. Oslo kommune er ikkje med i dette talet, då kommunen ikkje er ein del av Bufetat.

50 % av barna budde på statlege institusjonar, og 50 % i private institusjonar.

I dei private institusjonane budde 40 % av barna på institusjonar drive av ideelle organisasjonar.


Publisert: 19. november 2010Sist oppdatert: 19. november 2010