Fleire får hjelp frå barnevernet
46 500 barn og unge fekk hjelp frå barnevernet i 2009. Dette er 5,3 prosent fleire enn året før. Til samanlikning var auken frå 2007 til 2008 på 3,6 prosent.
Talet på barn som får hjelp frå barnevernet har auka kvart år det siste tiåret. I 2000 fekk 31 900 barn tiltak, medan 46 5000 barn mottok hjelp i i 2009. Dette er ein auke på heile 46 prosent, syner nye tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB). Dei siste 20 åra er talet på barn som får hjelp frå barnevernet tredobla.
Det er fleire gutar enn jenter som får hjelp av barnevernet og den største prosentvise auken er blant dei minste barna. Det er foreldrene sjølv samt skulen som oftast tek kontakt med barnevernet og tilhøve i heimen er den viktigaste grunnen til tiltak.
Også Bufetat hjelp fleire barn
Dei fleste barna får hjelp i heimen av kommunalt barnevern. Likevel aukar talet på barn som får hjelp av Bufetat. Tal frå etaten viser at nærare 30 prosent fleire barn og unge fekk hjelp fra Bufetat i 2010 samanlikna med 2005.
Det er mellom anna stort behov for fosterheimar for barn og unge og det er også stor auke i heimebaserte tiltak som til dømes foreldreopplæring.
Fleire årsaker
Avdelingsdirektør Marit Gjærum i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet seier det er fleire årsaker til veksten. - For det første er familielivet blitt meir krevjande med fleire brudd, fleire åleineforeldre og større mobilitet som gjer at vi ikkje er omgitt av familienettverk vi kan støtte oss til når det blir vanskeleg på samme måte som før.
- For det andre har kunnskapen om, og tilliten til barnevernet og kva det kan tilby, auka. Vi ser at fleire foreldre sjølv melder fra om behov. Fleire kjenner til at dei aller fleste tiltaka i barnevernet handlar om å hjelpe foreldre til å ta vare på barna sine, og ikkje om å frata dei omsorg og sende barna til fosterforeldre eller institusjonar.
Kva for tiltak får barna ?
Ser ein bort frå samlekategorien andre tiltak, var vedtak om råd og rettleiing, besøksheim og økonomisk hjelp dei klart mest nytta tiltaka i 2009. Av alle barn med tiltak i løpet av 2009 fekk:
- 30 prosent råd og rettleiing,
- 24 prosent besøksheim
- 22 prosent økonomisk hjelp
Fleire nye barn
I 2009 var det 12 750 barn med tiltak som ikkje var registrerte i barnevernet året før. Dette er ein auke på 9 prosent frå 2008. Av dei nye barna tok nær 40 prosent imot råd og rettleiing som tiltak frå barnevernet. Elles er andre tiltak, økonomisk hjelp, besøksheim og deltaking i ansvarsgruppe dei mest brukte tiltaka blant dei nye barna.
Kjem auken til å fortsette? - Vi får håpe den ikkje gjer det. Auken har vore dramatisk dei siste åra. At det blir stadig fleire meldingar om små barn, er positivt. Det kan bety at tiltak blir satt inn før problema veks seg for store. Det er slett ikkje sånn at alle som får hjelp i barnevernet blir værande i ei klientrolle, veldig mange får hjelp i ein kortare periode til å mestre liva sine sjølve, seier Gjærum.
Til SSB sin statistikk
Publisert: 7. juli 2010Sist oppdatert: 7. juli 2010