Premiere på familierådsfilm
Filmen om Minas familieråd hadde måndag premiere på Vika kino i Oslo. Med raud løpar og alkoholfri, men ekte champagne vart det gjort stas på hovudrolleinnehavar Una Langeland og dei andre som har bidratt.
Una Langeland og hunden Kokkos
Flott innsats av lokalsamfunnet
- Vi ville gjerne ha ei skikkeleg premiere på denne filmen, sjølv om den ikkje skal gå på kino til vanlig! Difor leigde vi ei kinosal og inviterte alle dei frivillige hjelparane som har gjort det mogleg å lage filmen, seier nasjonal koordinator for familieråd, Svanhild Vik. Interessa for visninga var så stor at den måtte flyttast til ei større kinosal.
Eit heilt lokalsamfunn stilte opp gratis som skodespelarar og statistar for å få filmen i land. Borgen skole i Ullensaker kommune lånte bort både klasserom, lærarrom og elevar til innspelinga. Publikum i salen hadde då også eit aldersspenn frå 5 til 86 år.
- Det var veldig gøy å vere med! Gøy, men litt rart også, det er jo ikkje slikt eg gjer til vanleg, fortel Una, som hadde hovudrolla.
- Filmen har eit interessant tema, så det var lærerikt også, held ho fram. Ho kan godt tenke seg å bli skodespelar i framtida.
Barnet sitt familieråd
Hunden Kokkos hadde også ei rolle i filmen, og var sjølvsagt med på premiere. Mina vil gjerne sjå meir til Kokkos. Løysninga på det og andre spørsmål om Mina sin kvardag jobbar familierådet seg fram til i filmen.
Eit familieråd er ein måte å arbeide på som involverar familie og nettverk. Dei som samlast skal i fellesskap lage ei handlingsplan med utgangspunkt i barnet sitt behov.
Målgruppa for opplæringsfilmen er saksbehandlarar i kommunane. Målet er å gi betre innblikk i denne arbeidsmåten. Filmen vil bli brukt i opplæringa i familieråd i alle landets kommuner. Den har også undertekstar på samisk, bokmål, dansk, svensk og engelsk og er allereie etterspurd i utlandet.
Les meir om familieråd
Publisert: 2. november 2010Sist oppdatert: 11. november 2010