Samhandlingsavtale inngått i Region vest
7. april var ordførarane i ei rekkje kommunar i Hordaland og regiondirektør Borghild Lekve samla i Bergen for å skriva under ein overordna avtale om samhandling mellom det kommunale og det statlege barnevernet.
Samhandlingsavtalen er den første av sitt slag i Noreg og femnar i alt om 22 kommunar i fylket. Det er meininga å få tilsvarande avtalar for dei andre delane av regionen.
Etter initiavtiv frå ordførar Jon Askeland i Radøy kommune vedtok KS sitt fylkesstyre i Hordaland i juni 2010 å kontakta Bufetat med sikte på å få utarbeidd ein overordna samhandlingsavtale.
Det vart skipa ei arbeidsgruppe med representantar frå kommunane og Bufetat for å ta hand om dette arbeidet, der Astrid Toft (til venstre) frå KS Hordaland hadde ansvaret for å samordna arbeidet.
I januar 2011 hadde arbeidsgruppa ferdig eit framlegg til avtale, som vart sendt til handsaming i kommunane.
Føremålet med avtalen er å skapa eit godt og ryddig samarbeid mellom det statlege og det kommunale barnevernet og ei felles forståing av rollene, oppgåvene og forventningane som partane kan ha til kvarandre. Avtalen legg opp til at utfordringar i samarbeidet skal handterast på lågast mogelege nivå, samstundes som det skal haldast årlege toppleiarmøte mellom kommunane, Bufetat og KS for å handtera den overordna sida av avtalen.

Arbeidsgruppa: (frå venstre) ordførar Jon Askeland i Radøy, dagleg leiar Astrid Toft i KS Hordaland, sosialsjef Tove Helleland i Fjell, områdeleiar Hilde Baardsen i Bufetat, leiar Sigrid Bakken i Fagteam Bergen og helse- og sosialsjef Thore Austnes i Samnanger.
Publisert: 12. april 2011Sist oppdatert: 12. april 2011