Samhandlingsavtale inngått i Sogn og Fjordane
7. februar underskreiv dei fleste ordførarane i Sogn og Fjordane og regiondirektør Borghild Lekve i Region vest ein overordna avtale om samhandling mellom det kommunale og det statlege barnevernet. Underskrivinga skjedde i samband med Strategikonferansen i Sogn og Fjordane som vart halden i Førde 7. og 8. februar.
Samhandlingsavtalen er bygd over same lest som avtalen som vart inngått med kommunar i Hordaland 7. april 2011, men er på somme punkt litt annleis formulert. Avtalen er utarbeidd av ei arbeidsgruppe sett saman av representantar for Bufetat, region vest, KS og kommunane i Sogn og Fjordane. KS hadde ansvaret for å samordna arbeidet, slik det også var tilfelle med avtalen for Hordaland.
Fylkesstyret i KS Sogn og Fjordane godkjende framlegget til overordna samhandlingsavtale 21. september 2011 og oppmoda samstundes kommunane i fylket om å få avtalen politisk handsama innan 31. januar 2012.
Føremålet med avtalen er at kommunalt og statleg barnevern saman skal tilby kunnskapsbaserte og tilgjengelege barneverntenester som involverer brukarane, slik at barn og unge får rett hjelp til rett tid.
Publisert: 13. februar 2012Sist oppdatert: 13. februar 2012