Modellkommuneforsøket - konferanse 15.-16. oktober 2009

Prosjektet "Modellkommuneforsøket" inngår i Regjeringa si satsing på barn av foreldre med psykiske problem eller rusproblem. Med hjelp frå prosjektleiinga i Bufetat skal kommunane som er med i prosjektet, utvikla gode modeller for å finna fram til og følgja opp desse barna. For å styrkja kompetansen i dette arbeidet var dei åtte modellkommunane i region vest samla til konferanse i Bergen 15. og 16. oktober.

Konferansen inneheld ein presentasjon av ulike kartleggingsverktøy for allereie i sped- og småbarnsperioden å finna fram til barn av foreldre med psykiske problem eller rusproblem og føresetnader og etiske utfordringar ved bruk av desse kartleggingsverktøya.

For nærare informasjon om "Modellkommuneforsøket" ta kontakt med regional koordinator Eva Mikkelsen, telefon 46 61 98 25.


Publisert: 27. januar 2010Sist oppdatert: 27. januar 2010