Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Om Bufdir og Bufetat

Bufdir er eit fagorgan på områda barnevern, barn, ungdom og oppvekst, adopsjon, familievern, likestilling og ikkje-diskriminering og vald og overgrep i nære relasjonar. Bufetat har ansvar for det statlege barne- og familievernet.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er eit statleg forvaltningsorgan som ligg under Barne-, og familiedepartementet (BFD).

Hovudoppgåvene våre er innan områda oppvekst, barnevern, familievern, adopsjon, likestilling og ikkje-diskriminering og vald og overgrep i nære relasjonar.

Bufdir styrer Bufetat, som har ansvar for det statlege barne- og familievernet. Direktoratet vart etter ei lovendring 1. januar 2014 fagorgan for heile barnevernet, det vil seie både det kommunale og det statlege.

På vegne av departementet handsamar vi saker knytte til barnevernslova, adopsjonslova, barnelova, ekteskapslova og rettferdsvederlag. Rettstryggleik, legitimitet, likehandsaming, ivaretaking av mangfald og sakshandsaming av høg kvalitet er sentralt for direktoratet.

Direktoratet er fagleg rådgjevar for departementet og kompetanseorgan på områda våre for sektoren, andre offentlege organ og for ålmenta. Ein viktig funksjon er å skaffe fram og formidle solid kunnskap innan ansvarsområda våre.

Bufdir er nasjonalt kontor for gjennomføringa av EU-programmet Aktiv Ungdom (No Erasmus+). Vi forvaltar også tilskotsordningar på vegner av departementet.

Bufdir har rundt 500 medarbeiderar. Vi er plassert i Oslo og Tønsberg.

Last ned organisasjonskart for Bufdir

Divisjonsdirektør

Bente Barton Dahlberg
E-post: bentebarton.dahlberg@bufdir.no

Avdelingar
  • HR
  • internjuridisk og anskaffelse
  • rettleiing og informasjon
  • lønn og personal Vest
  • lønn og personal Nord-Sør-Midt-Dir
  • lønn og personal Aust
Divisjonsdirektør

Jan Kato Fremstad
E-post: jan.kato.fremstad@bufdir.no
Telefon: 971 71 957

Jan Kato Fremstad.jpg

  • verksemdsstyring
  • økonomistyring
  • bestilling og faktura
  • rekneskap
Divisjonsdirektør

Marit Bjørshol Ursin
E-post: marit.ursin@bufdir.no
Telefon: 995 13 217

Avdelingar
  • brukartenester
  • leveransetenester
  • plattformtenester

Divisjonsdirektør

Harald Hegerberg
E-post: harald.hegerberg@bufdir.no
Telefon: 982 38 735

Harald Hegerberg.jpg

Avdelingar
  • rådgjeving og digitalisering
  • produkt og plan
  • løysingsutvikling
  • web og digitale løysinger
  • ung.no
  • dokumentsenter Lillestrøm
  • Dokumentsenter Tønsberg
Divisjonsdirektør

Anne M. Solbu Kleiven
E-post: annemagdalenasolbu.kleiven@bufdir.no

Avdelingar:
  • analyse
  • likestilling og universell utforming
  • oppvekst
  • kunnskapsstyring
  • Erasmus+ Ungdom
Divisjonsdirektør

Anders Henriksen
E-post: anders.henriksen@bufdir.no
Telefon: 467 41 932

Anders Henriksen.jpg

Avdelingar
  • barnerett
  • internasjonale tenester
  • ekteskapsrett og rettferdsvederlag
  • tilskot
Divisjonsdirektør

Tove Bruusgaard

Tove Bruusgaard
E-post: tove.bruusgaard@bufdir.no
Telefon: 466 18 101

Avdelingar
  • plan og koordinering
  • tenesteutvikling
  • kompetanse og implementering

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) er organisert i fem regionar og har ansvar for det statlege barne- og familievernet. Bufetat skal gi barn, unge og familiar som treng det, tiltak med høg og riktig kvalitet i heile landet.

Regionane i Bufetat leverer statlege barne- og familievernstenester på vegner av staten. Ansvaret er blant anna regulert av barnevernslova og familievernkontorloven.

Bufetat tilbyr det kommunale barnevernet differensierte og spesialiserte barnevernsinstitusjonar, fosterheimar og spesialiserte hjelpetiltak i heimen. Etaten har ansvar for at tenestene drivast med forsvarleg kvalitet og at tenestetilbodet er tilstrekkeleg for behovet i folkesetnaden.

Ansvaret for rekruttering av fosterheimar ligg også i Bufetat. Etaten skal sikre at det finnast tilstrekkeleg med fosterheimar og bidra til forsvarleg kvalitet gjennom opplæring og rettleiing.

Når den kommunale barnevernstenesta har kome til at eit barn treng plassering utanfor heimen, skal Bufetat hjelpe til med å finne det tiltaket barnevernstenesta meiner er riktig, anten dette er institusjon eller fosterheim.

Bufetat har ansvar for godkjenning av private og kommunale barnevernsinstitusjonar. I tillegg har Bufetat sine regionar ansvar for handsaming av adopsjonssaker i sin region og enkelte andre tiltak retta inn mot kommunane.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har ansvar for styringa av Bufetat.

Bufetat er organisert i fem regionar.

Dekkjer fylka Akershus, Østfold og Innlandet. I tillegg Oslo når det gjeld familievernet.

Regionkontoret ligg i Lillestrøm.

Regiondirektør

Ingrid Pelin Berg
E-post: ingrid.pelin.berg@bufetat.no
Telefon: 466 15 059

Ingird Pelin Berg.jpg

Dekkjer fylka Buskerud, Vestfold, Telemark og Agder.

Regionkontoret ligg i Tønsberg.

Regiondirektør

Øystein Stokvold (regiondirektør)
E-post: oystein.stokvold@bufetat.no
Telefon: 920 27 803

Dekkjer fylka Møre og Romsdal og Trøndelag.

Regionkontoret ligg i Trondheim.

Regiondirektør

Anders Sunde
E-post: anders.sunde@bufetat.no
Telefon: 488 87 344

Anders Sunde

Organisasjonsnummer

986 128 433

Logoar